Det er mykje fokus på varslarar no, men kva er problemet for varslarane og kva er det som øydelegg dei?
Publisert: 24. mai 2018
Vi som har underskrive her er ei gruppe vanlege menneske tilknytte Varslernettverket med ulike historier, men likevel ganske like opplevingar. Kanskje kan våre skjebnar brukast til noko godt. Alt for mange arbeidstakarar blir øydelagde fordi varslarvernet ikkje tek tak i konsekvensen av å varsle. Vi ser at våre historier ikkje fører til endring så lenge vi går ut som enkeltindivid med våre historier. Så difor håpar vi at våre kollektive erfaringar kan føre til reelle endringar i vernet for arbeidstakarar.
Kven er varslaren?
I sakene som får størst fokus i media skulle ein tru varslaren berre er dei som offentleg seier ifrå om underslag i store bedrifter, eller tilsette i statlege organ som opplever at leiarar ikkje tek sitt samfunnsansvar på alvor.
Men varslar er ikkje berre eit begrep som kan brukast når ei sak kjem offentlegheita for øyret, og varslaren kan kome frå alle typar bedrifter/institusjonar.
Varslaren er den arbeidstakaren som internt seier ifrå når han/ho ser ein leiar/kollega eller bedrift bryte lova, og som innerst inne trur at ting vil bli betre ved at ein gir beskjed.
Det er frå dette steget varslarvernet burde gjelde, men gjer det det?
Trakasseringsofferet!
Alt for mange som varslar om slikt, endar opp i ein situasjon der dei blir råka for åtak.
Eit åtak som skal øydelegge varslaren og ta frå dei all truverde.
Og kva er konsekvensen?
Du har ein arbeidstakar som blir sverta og nærast stempla som udugeleg, alt for å verne arbeidsplassens ry og rykte. Og du har ein arbeidsgivar som ved å gjere dette får ei enorm makt over arbeidstakarens liv og framtid.
Kva er konsekvensen?
Alt for mange klarar ikkje dette og forsvinn, utan at nokon utanfor veit kva som har skjedd. Men arbeidstakaren bli sittande med stempelet arbeidsgivaren har sett på dei, ein kan berre håpe at ein har tidlegare referansar som kan hjelpe dei vidare.
Nokre kjempar for rettferd, men oftast opplever dei at svertinga og løgnene berre blir verre. Ofte blir og kollegaer som ikkje tør anna brukt til å vitne mot dei. Til og med tillitsvalde og verneombod kan vere så redde for eiga framtid at dei lukker auga og støttar arbeidsgivar.
Berre det å vinne ei varslarsak om ho endar i retten er nærast umogeleg, for når saka er hamna i retten er det som trakasseringssak, sjølv om spørsmålet er varsling og konsekvens av dette.
Sjølv om ein vinn ei slik sak er det ikkje verd kampen. Ein vil alltid vere i mindretal mot dei som fortel korleis du «verkeleg» var som arbeidstakar. Ein dom i din favør kan pratast vekk av ei bedrift eller organisasjon som vil ha fram eit anna syn.
Og sjølv om du har kome vinnande ut av ei sak har du ikkje noko vern etterpå, på same måte som med dei som ikkje vinn. Om du vil eller ikkje er du fanga i skjebnen din arbeidsgivar ville gi deg.
Felles i alle desse eksempela er oftast at varslaren til slutt har mista helsa og blir sjuk, ofte også ufør.
Kva med arbeidsgivar?
Om varslaren ikkje klarar meir og seier opp, går livet for arbeidsplass og den som er skyld i saka vidare som ingenting har hendt.
Om varslaren kjempar og ender opp med det som er det vanlege, å tape saka, går livet for arbeidsplass og den som er skyld i saka vidare som ingenting har hendt. Men no kan dei sverte den tidlegare tilsette, og sikre at åra hos dei berre vil gi dårlege skussmål.
Om varslaren vinn saka, noko som er sjeldan, kan bedrifta anke. Oftast mot ein arbeidstakar som ikkje har helse til å klare meir.
Ein kan og godta domen, betale ei lita erstatning, ta inn igjen arbeidstakaren og seie han opp seinare, truleg grunna samarbeidsproblem. Eller ein kan lage eit forlik som kostar litt meir, men som fjernar den tilsette med ein gong. Då vil arbeidsplassen ta ein kostnad, medan den som er skyld i saka oftast går vidare som ingenting har hendt.
Arbeidsgivar veit og at dei kan rette opp sitt ry, og dei kan alltid gi sin versjon av «sanninga». Ein tidlegare tilsett som «berre vil sverte sin tidlegare arbeidsgivar» er ingen trussel. Til slutt vil han berre vere ein som alltid klagar og syt, for det er berre hans klaging som høyrast, ikkje årsaka.
Kva er problemet med vernet for varslarar i dag?
Varslarvernet gir rett til å varsle, men det er berre retten til å varsle som er sikra. Denne retten kan du få poengtert i ein dom, og arbeidsgivaren får ein smekk fordi dei ikkje lytta.
At varslaren sitt liv blir øydelagt er det ikkje noko vern mot!
Det er ikkje noko straff for dei som øydelegg varslaren. At leiarar kan kome med alle slags usanne påstandar om ein tilsett som ikkje har gjort noko anna gale enn å påpeike lovbrot, blir ikkje fylgt opp. Psykisk vald i eit arbeidsforhold burde straffast på same måte som fysisk vald. Personar i leiande stillingar får øydelegga menneske utan å risikere personleg konsekvens.
Før dette endrast vil der ikkje vere noko reelt vern for varslarar.
Jarle Kirketeig, tidl. Organisasjonsmedarbeidar i Fellesforbundet
Kjell Førlandsås, Lektor
Laila K.Harris Lilleholt, Adjunkt
Erling Steen, fhv. Fagopplæringssjef i Aust-Agder
Svein Harkestad, Adjunkt
Terje Syversen, tidl. Vernepleier
Terje Steinsland, Adjunkt
Rita Esperø Hansen, Adjunkt/Spesialpedagog
Gro O’Hara, Lektor med tilleggsutdannelse
Siste kommentarer